Dikta i denne samlinga utforskar kor hardt barndommens grep kan vere på eit vakse menneske. Ein fars sinne, med djupe røter frå generasjonar tilbake, har på mange måtar forma diktar-eget. Ho er òg sint, og redd for å føre vidare den vonde arven til sine eigne barn. Det handlar om å prøve å gi omsorg til – og gi slepp på – det indre barnet ho framleis har i seg. Eg gjekk til kyrkja for å synge ikkje for å tru den vesle kroppen min sleppte ut ei stemme som vibrerte mot meg og bad om frelse. Mitt første minne frå kyrkja er at det regna og presten koppa handa, vatnet rann mjukt over håret til broren min, han græt faren min snudde seg mot altartavla. Vi falda hendene framfor oss: kven bad vi til, kven gav oss eit utvaska svar?
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2025-01-05
Utgiver
Vendor
Gyldendal
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
78
Sjanger
Skjønnlitteratur

Forfatter