I Vinduet nr. 3/2019 kan du mellom anna lese om Karl Ove Knausgård sitt etter kvart omfattande virke som kunstskribent, om Anna Kleiva si ferd gjennom den californiske ørkenen på jakt etter meir eller mindre letttilgjengelege kunstinstallasjonar, og om nye blikk på Edward Hopper sin kunstnarskap. Gunnhild Øyehaug skriv om sex, kiosklitteratur og den amerikanske forfattaren Mary Ruefle, og har dessutan gjendikta det som er «den beste teksten om sex som nokon gong er skrive», Ruefles prosadikt «Snø».Det er, i det heile tatt, ei utgåve der dørene fører ut av, like mykje som inn mot, litteraturen. Øyvind Rimbereid har vitja Nasjonalgalleriet før det stengde dørene, med tre nyskrivne dikt som resultat. Kim Klev drøftar Linton Kwesi Johnson sitt forfattarskap, som er uløyseleg bunde saman med reggaekulturen og den musikalske arva frå Karibien. Espen Stueland ser på Carl Frode Tillers Begynnelser, og argumenterer for at det økokritiske perspektivet som her vert lagt fram utgjer ei litteraturkritisk blindsone.Også i dette nummeret: ein fyldig meldingsseksjon, biletserie ved Christian Tunge, jubileumsspalte og meir til.God lesing!www.vinduet.no]]>
Les mer
73. årgang
Produktdetaljer
ISBN
9788205526600
Publisert
2019-10-03
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal
Vekt
418 gr
Høyde
271 mm
Bredde
210 mm
Dybde
9 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Flerspråklig
Format
Product format
Heftet
Antall sider
114
Redaktør