Er det urettferdig dersom ressurssterke foreldre brukar ressursar på
å gi barna sine ein betre skulegang enn andre? Er det urettferdig at
nokon gjer det betre på skulen fordi dei får meir hjelp heimanfrå?
Er det urettferdig om skulen er betre tilpassa nokre grupper enn
andre? I moderne samfunn er utdanning ein viktig måte å få tilgang
til ulike stillingar på, og dermed til ulike gode som er knytte til
stillingane. Utdanningssystemet fungerer med andre ord som ein
mekanisme som sorterer folk på ulike posisjonar. Problemet, dersom
det er eit problem, er at utdanningsprestasjonar heng saman med kva
sosial gruppe ein høyrer til. Faktorar som kjønn, etnisitet og
klasse påverkar både kva utdanning ein får og kor godt ein gjer det
i utdanninga. Er det rettferdig? Kva kjenneteiknar eit rettferdig
utdanningssystem? Det er slike spørsmål denne boka handlar om. Boka
er skriven for studentar i pedagogikk og lærarutdanning og andre
interesserte. Steinar Bøyum er professor ved Institutt for pedagogikk
ved Det psykologiske fakultetet ved Universitetet i Bergen.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788245027693
Publisert
2019
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Språk
Product language
Norsk
Format
Product format
Digital bok
Forfatter