Dette er ei bok om tradisjonsbåtar i Møre og Romsdal. Her har sjøen
og aktivitetar knytte til den vore viktigaste næringsveg, og knapt
noko anna fylke har eit så rikhaldig utval av tradisjonsbåtar. Denne
boka er ein oppfølgjar til boka «Å tenkje geitbåt - og byggje
ein» (2014), som først og fremst tok for seg geitbåten ut frå
prinsippet om at alle mål bor i færingen. Den gåtefulle
snidbetningen blir presentert i denne boka. Etter at desse to gamle
båttypane geitbåt og snidbetning gjekk ut av produksjon, fekk vi
mange nye typar og variantar: lystringar, møringar, flatbotningar,
prammar, doryar og fleire slags notbåtar, kravellbygde fiskebåtar og
klinkbygde motorbåtar. Dei tre store elvane i fylket hadde dessutan
kvar sine elvebåtar. Vi følgjer fire båttypar gjennom heile
byggjeprosessen: nordmørslystring, flatbotna pram, beingangar og
kravellbygd fiskebåt. Dei største båtbyggjarbygdene i Møre og
Romsdal var Vestnes og Tresfjord. Vi får glimt frå det eventyret i
denne boka. Byggjetempoet kunne vere svært høgt på det meste kunne
det gå ut båt kvar dag frå dei største båtbyggjeria. Det var i
Vestnes at det på slutten av 1800-talet vart i tillegg til dei mindre
òg bygd store farkostar for utaskjers fiske. Etter kvart dreidde
produksjonen seg mot fartøy og hjelpebåtar for sildefiske. Då
sildefisket braut saman, kom sjarktida, med bygging av små
motorbåtar etter same prinsipp som for doryar og basbåtar til
sildefiskeria. Og då oljealderen sette inn, vart lystbåtar eit
viktig produkt. Overgang frå øks til sag var eit viktig sprang i
teknologi, og det var òg skiftet frå å byggje i klink til å byggje
i kravell. Desse to følgdest åt heilt til plast og aluminium tok
over som byggjematerialar i dei siste tiåra av 1900-talet.Boka har
med eit kapittel om bygging av stø med vorr. Radikalt nytt stoff kjem
også i eit kapittel om testing av to tradisjonsbåtar i
Skipsmodelltanken i Trondheim. «Leseren trekkes inn i en nesten
magisk sfære der teksten balanserer mellom å være en lærebok og en
veiviser inn i en verden av glemt innsikt og livsvisdom.» - Stein
Arne Sæther, Adresseavisen.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788245030839
Publisert
2019
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Språk
Product language
Norsk
Format
Product format
Digital bok
Forfatter