Numeriske metodar og berekningar er ein viktig del av ingeniørmatematikk, men for mange kan det å komme i gang med numerisk problemløysing kjennast utfordrande – spesielt om du har lite erfaring med programmering. I Praktisk introduksjon til numeriske metodar blir du leidd steg for steg gjennom numerisk problemløysing, med Python som kodeverktøy. Metodane blir introduserte gjennom enkle oppgåver som er tilpassa for å gi deg ei klar forståing av korleis teori og praksis heng saman. Mot slutten av boka får du høve til å bruke desse teknikkane for å løyse meir samansette problem. Boka er full av praktiske oppgåver med grundige løysingsforslag som gir deg solid erfaring med metodane. Boka er utvikla i tett samband med undervising, og er eit nyttig verktøy for deg som vil lære numeriske metodar på ein praktisk og tilgjengeleg måte. Sølve Selstø er professor ved ingeniørutdanninga på OsloMet – storbyuniversitetet, der han underviser i matematikk og fysikk. Han er utdanna i teoretisk fysikk og forskar på kvantefysikk. Martin Lilleeng Sætra er forskar ved Meteorologisk institutt og førsteamanuensis ved OsloMet – storbyuniversitetet. Han underviser og forskar innan anvend matematikk og berekningsorientert vitskap. André Brodtkorb er professor i berekningsvitskap ved OsloMet – storbyuniversitetet. Forskninga og undervisinga hans ligg i skjeringspunktet mellom matematikk og informatikk.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788245050554
Publisert
2024-11-14
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
613 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Dybde
18 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
310
Sjanger
Faglitteratur