Syn og Segn 1/2021 er ute. Denne gongen med eit temanummer om norske tabu. Lars-Henrik Paarup Michelsen skriv om det han kallar dei tre store tabua i den norske klimapolitikken. Dette er dei debattane norske politikarar ikkje vÄgar Ä ta av frykt for Ä skape dÄrleg stemning. Michelsen skriv at alvoret i klimaendringane er underkommunisert, at debatten om nÄr norsk oljeproduksjon skal ta slutt blir latterleggjort og at diskusjonen om dei livsstilsendringane nordmenn mÄ gjere for at landet skal kunne nÄ klimamÄla i Paris-avtalen blir stempla som moralisering. Filosofen og omsetjaren Lars Holm-Hansen skriv om kvifor han har bestemt seg for Ä omsetje Martin Heideggers svarte hefte til norsk gi dei ut pÄ sitt eige forlag Existenz. Dei svarte hefta er Heideggers notathefte frÄ Ära 1931-1959. I desse hefta trer samanhengen mellom Heideggers filosofi, hans nasjonalsosialisme og hans antisemittiske haldningar fram. Den tyske journalisten Alva Gehrmann skrive om Norden for tysk presse gjennom meir enn ti Är. I Syn og Segn fortel ho om dei tabua ho har observert i dei ulike nordiske landa. Gehrmann skildrar ogsÄ korleis ho, i selskap med forfattaren Morten StrÞksnes ombord i ein bitteliten bÄt pÄ Vestfjorden, lÊrte pÄ den harde mÄten kvifor det er eit tabu Ä ikkje ta den norske naturen pÄ alvor. Syn og Segn 1/2021 er den fÞrste utgÄva med Astrid Sverresdotter Dypvik som redaktÞr. Kristina Leganger Iversen er blitt Syn og Segns huspoet og skal skrive eit nytt dikt til kvar utgjeving. Leganger debuterer som huspoet med diktet «Eg visste kva eg gjorde». Elles inneheld bladet ein tekst der forfattaren Guri IdsÞ Viken gÄr inn i den brennbare debatten om historiske fakta i fiksjonsfilm som seinast feide inn over landet i samband med serien «Atlantic Crossing». Viken slÄr eit slag for det som ikkje er sant og skriv om kvifor og pÄ kva mÄte sanning kan vere meir enn verkelegheita. Filosofen Jon Hellesnes skriv om kvifor han ikkje ser nokon grunn til Ä gle seg ove
Les mer
127. Ă„rgang

Produktdetaljer

ISBN
9788234006395
Publisert
2021-03-16
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
276 gr
HĂžyde
260 mm
Bredde
200 mm
Dybde
6 mm
AldersnivÄ
Voksen
SprÄk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
98