Fagbokforlagets Økonomiske Programfag består av læremiddel for dei tre programfaga entreprenørskap og bedriftsutvikling, næringslivsøkonomi og marknadsføring og leiing samt den tverrfaglege nettressursen Økonomiportalen. Den andre utgåva av Oppstart er ei helt nyskriven lærebok for entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 i tråd med intensjonane i fagfornyinga. Bak boka ligg ei heilskapstenking som tek utgangspunkt i formuleringa til læreplanen om at faget «handlar om innsikt i etablering og vidareutvikling av verksemder». Det tverrfaglege temaet «Berekraftig utvikling» er med gjennom heile boka, og teoriane og modellane som blir gjennomgått, er dei nyaste på feltet og speglar at handelen i dag for det meste går for seg på nett. Mange av modellane er tilgjengelege som verktøy i Økonomiportalen, som er nettressursen til boka. Del 1 «Oversikt og teorigrunnlag» tek for seg teori som gir forståing av kva som skjer når ein startar ei verksemd. Her er det grunnleggjande innføring i tema som entreprenørskap, berekraft, marknadsføring og økonomi. I del 2 «Oppstartsprosessen» presenterer boka heile prosessen frå idé til drift og utvikling, steg for steg. Ein gjennomgåande case følgjer kapitla med nye oppgåver for kvart steg. Boka Oppstart saman med nettressursen Økonomiportalen inneheld eit stort utval av oppgåver på alle nivå.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788211042606
Publisert
2021-12-22
Utgave
2. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
981 gr
Høyde
266 mm
Bredde
195 mm
Dybde
18 mm
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Fleksibind
Antall sider
363