Los geht's er eit læreverk i tysk for 8.-10. trinn med eit realistisk omfang samtidig som verket byr på eit omfattande materiale til individualisering i klasserommet. Verket oppmuntrar elevane til å bruke språket frå første dag og til å reflektere rundt korleis dei lærer seg det. Elevane skal få kunnskap om geografi, menneske, litteratur, kunst og kultur frå dei tyskspråklege landa. Los geht's har ein god struktur for effektiv, morosam og lett språklæring. Los geht's 8 Arbeidsbok byr på mange og varierte oppgåver. Det finst oppgåver som øver opp ordtilfanget, tekstforståinga, grammatikken og Landeskunde, dessutan finn ein mange kreative oppgåver knytte til spel og leikar. Kvar leksjon blir avslutta med «test deg sjølv» og evaluering av eigen innsats. Her er også ei grammatisk ordliste, eit alfabetisk oversyn over grammatiske termar med forklaring av omgrepet, eksempel på bruk og peikar til grammatikken.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252161359
Publisert
2006
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
355 gr
Høyde
300 mm
Bredde
220 mm
Dybde
15 mm
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Spiral
Antall sider
104

Illustratør