GRIP er eit læreverk for vaksne minoritetsspråklege som får opplæring i norsk, engelsk, samfunnsfag, matematikk og naturfag på grunnleggande nivå. GRIP presenterer fagstoff på ein enkel måte, og språket er tilpassa deltakarar med lite skulebakgrunn frå heimlandet. GRIP 1 Norsk Arbeidsbok inneheld varierte og differensierte oppgåver som gir deltakarane trening i å lese, skrive og snakke norsk. Ord og uttrykk, grammatikk, læringsstrategiar og tema frå grunnboka blir repeterte i arbeidsboka. GRIP 1 Norsk Arbeidsbok er strukturert som grunnboka og består av 15 kapittel. Læreverket har òg ein nettstad der deltakarane finn oppgåver til kvart kapittel. GRIP 1 Norsk Arbeidsbok dekker modul 1 i forsøkslæreplanen i norsk for språklege minoritetar for førebuande vaksenopplæring. Forfattarane Ragnhild Andreassen og Lisa Kjellberg har begge erfaring med undervisning av vaksne minoritetsspråklege. Andreassen har arbeidd i vaksenopplæringa i Fredrikstad sidan 1998, og Kjellberg underviser ved Oslo voksenopplæring Helsfyr.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788211045928
Publisert
2024-01-08
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
670 gr
Høyde
288 mm
Bredde
205 mm
Dybde
16 mm
Aldersnivå
Fremmedspråklige voksne
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
219
Orginaltittel
Grip 1
Sjanger
Skolebøker
Illustratør