GRIP er eit læreverk for vaksne innvandrarar som får opplæring i samfunnsfag, naturfag, matematikk og engelsk på grunnleggjande nivå. Verket dekkjer kompetansemåla for 1.–10. trinn i læreplanane etter Kunnskapsløftet. For faget engelsk dekkjer verket også forsøkslæreplanen i engelsk for førebuande vaksenopplæring (FVO). GRIP basisfaga! I GRIP er det lagt vekt på å presentere fagstoff på ein enkel måte. Språket er tilpassa vaksne deltakarar med lite skulebakgrunn frå heimlandet. Det visuelle uttrykket er ryddig og enkelt med variert bruk av foto og teikningar. GRIP 1 Engelsk gjev deltakarane basiskunnskapar i faget og dekkjer kompetansemåla i læreplan i engelsk for grunnskulen etter Kunnskapsløftet (1.–4. trinn), samtidig som mål og perspektiv frå forsøkslæreplanen i engelsk for førebuande vaksenopplæring (FVO, modul 1 og modul 2) er tekne inn. Arbeidsboka er delt inn i to delar og tematisk tilpassa grunnboka. Boka inneheld ei rekkje oppgåver som gjev elevane trening i å lese, skrive, lytte og snakke engelsk. Nøkkelord, grammatikk og tema frå grunnboka blir repeterte i arbeidsboka, og elevane kan løyse ulike typar oppgåver. Utvalde tekstar og dialogar frå arbeidsboka er også lesne inn, og lydfilene er tilgjengelege på den digitale ressursen. GRIP digitale ressursar På nettstaden til verket finn du GRIP 1 Engelsk som digital bok, der eleven kan finne støtte i lyd. På nettstaden ligg det også oppgåver til kvart kapittel. Forfattarane Anne Lise Svendahl Kvam, Pezhman Showghi og Annelén Takita Aspestrand Stenbakken har lang erfaring med undervisning av vaksne innvandrarar. Svendahl Kvam underviser i faga engelsk, norsk og samfunnsfag ved grunnskulen for vaksne ved Trondheim Voksenopplæringssenter (TROVO). Showghi underviser også i engelsk ved TROVO. Aspestrand Stenbakken underviser i faga engelsk, norsk og samfunnsfag ved Oslo Voksenopplæring på Helsfyr.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788211028327
Publisert
2020-05-13
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
831 gr
Høyde
297 mm
Bredde
210 mm
Dybde
16 mm
Aldersnivå
Fremmedspråklige voksne
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
259
Illustratør