Fibos farlege reise Ei pil susa tett forbi øyret på Fibo. Kvar kom ho frå? Han kunne ikkje sjå det. Det var mørkt rundt han. Det var mange stjerner på den svarte nattehimmelen, men dei lyste uendeleg svakt. Fibo kunne berre ane klippene som låg rundt han. Enda ei pil, men Fibo hadde snøgt lagt seg ned bak dromedaren. Det store dyret låg framfor han som eit skjold. Fienden gøymde seg ein stad ute i mørket. Det var ein bande berbarar som ville røve den verdfulle lasta til karavanen. Fibos farlege reise er ei bok i serien Eventyrleg matematikk. Dei spennande bøkene handlar om menneske som løyser matematiske gåter. Dei var nysgjerrige, oppfinnsame og fantasirike. Og dei hadde ein stor porsjon mot.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788211031648
Publisert
2019-03-27
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
138 gr
Høyde
210 mm
Bredde
210 mm
Dybde
4 mm
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
35
Forfatter
Illustratør
Oversetter