Ordriket 1 - 7 Ordriket er eit norskverk for barnetrinnet. Verket legg opp til eit systematisk arbeid med dei grunnleggjande ferdigheitene, samstundes som det fremjar leselyst og leseglede. Lesebok 2B I lesebøkene på 2. trinn følgjer vi Sam og Ina på jakt etter ein tjuv som har vore på ferde på skulen deira. Undervegs i jakta oppstår det situasjonar som dannar utgangspunkt for temaa i kapitla. Til kvart tema følgjer tekstar i ulike sjangrar og med ulik vanskegrad. På kvart oppslag finst det tekst på to nivå. Saman med støttande illustrasjonar gir dette den enkelte elev høve til å ta del på eigne premissar. Lesebøkene legg vekt på å presentere nyare barnelitteratur, men kjende klassikarar for barn er også representerte. Oppgåvene til tekstane finst i Arbeidsbok 2B. Digitale utgåver av boka finst på ordriket.no. Ordriket 2. trinn: - Lesebok 2A og 2B - Arbeidsbok 2A og 2B - Lærarrettleiing 2 - Digitale bøker og nettressurs på ordriket.no
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788211016942
Publisert
2014-12-17
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
517 gr
Høyde
296 mm
Bredde
210 mm
Dybde
11 mm
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
127
Orginaltittel
Ordriket
Sjanger
Skolebøker
Illustratør