Elle Melle 1-4 Elle Melle er eit norskverk for 1-4 trinn. Læreverket kjenneteiknast ved flotte illustrasjonar, grundig gjennomgong av lydane i alfabetet, nivådelte tekstar, og ikkje minst innhaldsrike og gode lærarrettleiingar. Verket følgjer eit gjennomført pedagogisk system som baserar seg på Anne-Lise Gjerdrums lange erfaring som lærebokforfattar. Anne Lise Aasgaard Solli er medforfattar fra og med 3. trinn. Elle Melle Leseboka 4 Elle Melle Leseboka 4 inneheld songar og differensierte lesetekstar. Tekstane i kvart kapittel følgjer ein progresjon der vi startar lett og avsluttar med lengre og meir utfordrande tekstar. Bøkene er delt inn i ti kapitlar med kvart sitt tema. Gjennom mykje og meiningsfull dialog veks elevanes vokabular. Det fremjer leseforståelse. Difor startar kvar lesetekst med å gjennomgå enkeltord. Har elevane det rette begrepet for ordets betydning, vil dette saman med illustrasjonane gi ein førforståing av kva teksten kjem til å handle om, og vil kunne forenkle leseprosessen. Kvart kapittel inneheld ulike type tekstar. Det er lagt vekt på god sjangerbreidde og presentasjon av både nyare og eldre tekstar. Elle Melle for 4. trinn omfattar: - Leseboka 4 - Les og forstå 4 - Språkboka 4 - CD 4 - Lærarrettleiing inkludert kopioriginalar - Nettstad Fagbokforlaget har også utvikla skriftformingshefte i lykkje- og stavskrift og nettstaden Lesedilla. Her finn du eit stort utval av differensierte lesebøker med lyd, bilete og animasjon.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788211014672
Publisert
2012-08-16
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
878 gr
Høyde
267 mm
Bredde
195 mm
Dybde
17 mm
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
207
Orginaltittel
Elle melle
Sjanger
Skolebøker