"Det er ikkje så ofte det vert utgitt dikt for ungdom, og endå sjeldnare er det at dikta sirklar inn noko storpolitisk. Det gjer Vind i Værhanen, og dikta fungerer for alle aldrar. (...) Dan Andersen er ein poet som i tidlegare bøker har arbeidd med det politiske feltet. Dikta i Vind i Værhanen er enkle, men dei byggjer eit heilt univers, med overtydande språkleg snert. Dikta stiller tydeleg fram mekanismane i eit falskt språk som har trollbunde mange. Difor er dei verde å lese."
- Sindre Ekrheim, Dag og Tid