Kroon har eit godt handverk med særeigne språklege valørar, innlevingsevne, timing og blikk for detaljar i personar og omgjevnader. [...] Vente på vind er ei vakker forteljing om å vekse og å forandre seg.

- Guro Kristin Gjøsdal, Nynorskbok.no

Kroon tegner et vakkert portrett av Venge og hennes omgivelser, av smerten i det å vokse opp og skulle utsette seg for det ene etter det andre for første gang samtidig som en ikke bestemmer over sitt eget liv. Han gjør det med enkle, men presise «streker» som formelig slår inn i leseren.

- Ingvild Bræin, Bokmagasinet i Klassekampen

Augustprisvinnande barneroman om havet, døden og kjærleiken Det er sommar hos morfar på øya. Venge drøymer om å bli sjømann og segle til fjerne hamner og kanskje redde ein eller annan skipbroten. Heime i byen er mamma lei seg. Pappa har flytta ut for godt, og no skal han og den nye sambuaren få ein baby. Det liker ikkje Venge å tenke på. Men på øya kjennest alt det andre langt borte. Dagane dirrar av varme, og på stranda dukkar det plutseleg opp ei jente med svart hatt. Rut heiter ho. Vente på vind er ei gripande forteljing om ein uvanleg sommar. Nærverande og med mykje varme fortel Oskar Kroon om korleis Venge forlèt barndomen og lærer seg å stå stødig i stormen. Boka er omsett av Runa Kvalsund. Oskar Kroon (f. 1980) er forfattar og bakar. Han debuterte med Mitt fönster mot rymden i 2018. For den andre barneboka si, Vänta på vind frå 2019, fekk han Augustprisen.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2021-04-09
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
9-12
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
205
Orginaltittel
Vänta på vind
Sjanger
Skjønnlitteratur

Forfatter
Oversetter