Rein tumla opp av søvnen og visste ikkje kor han var, hørte berre den ville remjinga rundt seg, rop, snerring. Han forsto at noko aldeles gale var i ferd med å skje; krøttera bortmed bergveggen var heilt ville, Ragge trell kom rennande med den svære kølla, prøvde å komme seg inn mellom hestane, hestane stegla og slo og vrinska, alt var berre forvirring og galskap. Så oppdaga Rein kva det var; ein grå skugge der mellom beina på hestane! Og ein til! Og enda ein! Varg! Ungguten rein Lodinsson har teke over som bonde på garden Vik. Snømengdene hindrar folk i å ferdast mellom gardane, men det viser seg likevel at det ikkje berre er ulven som trugar: Dei framande inntrengjarane er på ferde igjen. Rein får bruk for alt han har av mot og djervskap i striden, og er aktivt med då bøndene møtest for å finne ut korleis dei skal organisere seg mot fienden. Romanen hentar handlinga si frå norsk folkevandringstid, ei tid med store utfordringar for folket i bygdene i Trøndelag. Inntrengjarane har kome lengre enn dei, både i båtbyggjarkunst og sjømannskap.
Les mer
Rein Lodinsson har teke over som bonde på garden Vik. Snømengdene hindrar folk i å ferdast mellom gardane, men det viser seg likevel at det ikkje berre er ulven som trugar: Dei framande inntrengjarane er på ferde igjen. Rein får bruk for alt han har av mot og djervskap i striden, og er aktivt med då bøndene møtest for å finne ut korleis dei skal organisere seg mot fienden.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252156614
Publisert
2000
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
364 gr
Høyde
210 mm
Bredde
135 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
12-16
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
195