Kvar time hamnar det tusen tonn plast i havet. Det tilsvarer eit lastebillass med plast kvart einaste minutt! Då ho var lita, hadde Ana Pêgo stranda som leikeplass. Ho gjekk turar, kika på det yrande livet i fjøra og samla fossil. Alt dette var så spennande at ho bestemte seg for å bli biolog, for å studere det fargerike dyrelivet nærare. Men etter kvart såg Ana meir og meir av noko som likna på ein ny, mangfaldig dyreart: plast. Ho begynte å samle på plast frå havet, og gav den nye arten eitnamn: Plasticusmaritimus. Med ei eineståande formidlingsevne og stort pedagogisk overskotfortel Ana Pêgo historiene bak avfallet som flyt i land langs kysten vår. Ho forklarardjuptgåande kvar plasten kjem frå, korleis han påverkar livet på kloden og kva problem han fører med seg. Men ho viser oss også korleis vi kan gå fram for å endre utviklinga. Norske barn veks opp med strandrydding og lærar om plast i havet og naturen. Dei er svært opptekne av miljø, og temaet er sentralt i både barnehage og skule. I Plasticusmaritimus tek Ana Pêgo barna på alvor og gir dei grundig fagleg kunnskap om temaet. Ana Pêgo er marinbiolog og prisvinnandekunstnar busett i Lisboa. Ho er utdanna vedUniversitetet i Algarve og har leia utdanningsprosjekt som kombinerer kunst og forsking for å opplyse og informere om effekten plastureining har på miljøet og hava.
Les mer
Produktdetaljer
Publisert
2024-09-30
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Aldersnivå
9-12
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
175
Orginaltittel
Plasticus maritimus
Sjanger
Faglitteratur
Innkjøpsordning
Kulturfond
Illustratør
Oversetter