To pelikanar lever eit roleg liv på Pelikanøya rett utanfor Floridas kyst. Dei lever pelikanliv og gjer pelikanting. Ein dag blæs det opp til ein forferdeleg storm. Den eine pelikanen blir teken av vinden og endar opp langt mot nord der pelikanar ikkje kan leve. På vegen sørover igjen har han det så travelt at han ikkje legg merke til alle dei spennande stadene han passerer. Men det gjer nok dei små lesarane der ute. Leonard Weisgard har med sin tidlause strek skapt ein barnebokklassikar som i mange tiår har hatt ein plass i amerikanske hjarte og som stadig fascinerer nye generasjonar barn. Den varme forteljinga kombinerer Weisgard med bilete som vrimlar av ting barn kan oppdage og snakke med den vaksne lesaren om. Boka opnar opp for samtaler om kulturforskjellar, klimaendringar, dyreliv og om det å bli kjent med andre menneske i verda.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788279593515
Publisert
2022-09-02
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Vekt
325 gr
Høyde
256 mm
Bredde
205 mm
Dybde
6 mm
Aldersnivå
3-6
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
29

Forfatter
Illustratør
Oversetter