Går det an å bli så sint at ein berre forsvinn, og ingen veit kvar ein har teke vegen? Bjørn er femteklassingen som aldri klarer å styre seg, han er den i klassen som alltid blir ustyrleg sint og alle vil tirre. Ein dag blir han så sint at han forsvinn over til Landet alltid raudt, eit land der dei treng sinnet hans og har venta på han og dei hemmelege kreftene som Bjørn sjølv ikkje veit at han har. Den ukjende verda er full av sinne og vondskap, mens vår verd viser seg å vere full av mystiske personar, spor og hendingar ein ikkje ante noko om. Dette er historia om ein gut som blir så sint at det kan gå gale, og historia om å handle riktig før det er for seint. Den kritikarroste forfattaren har skrive si tredje bok, og vil nå mange nye lesarar med denne spennande fantasy-forteljinga.
Les mer
Bjørn er femteklassingen som aldri klarer å styre seg. Han er den som alltid blir ustyrleg sint og alle vil tirre. Ein dag blir han så sint at han forsvinn over til Landet Alltid Raudt. Her treng folket sinnet hans. Dei har venta på han og dei hemmelege kreftene hans, som Bjørn sjølv ikkje veit at han har. Plutseleg står han midt i kampen mellom den vonde Gamle Aron og dei gode Kameratane. Det store slaget nærmar seg. Samtidig må venninna hans, Runa, finne ut kva som har skjedd og kor det har blitt av Bjørn. Den ukjende verda er full av sinne og vondskap, mens vår verd viser seg å vere full av mystiske personar, spor og hendingar ein ikkje ante noko om.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252167108
Publisert
2005
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
301 gr
Høyde
212 mm
Bredde
136 mm
Dybde
17 mm
Aldersnivå
9-12
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
175

Forfatter