"Det handlar mykje om syskenkjærleik, men også sjalusi - dei var glade i den same guten. Eli Anne synst ho har mykje å be Amalie tilgje, og forfattaren teiknar vakre, truverdige portrett av båe to. Dei er jenter i tenåra, og forfattaren greier med enkle grep å få dei til å hange psykologisk i hop. Det er godt gjort [...] Språkleg er Walgermo som i tidlegare bøker svært stødig, spesielt vil eg trekke fram at han har ei eiga evne til å seie mykje med få, velvalde ord."
- Bjarne Tveiten
Når eit ungt menneske døyr i dag, står gjerne Facebook-veggen igjen etter det. I mange tilfelle lever veggen vidare, som ein stad der slekt og vener vender seg direkte til den avdøde. Profilen blir ei minnebok, men også ei slags forlenging av livet.
Då Amalie døyr tar storesøstera Eli Anne over administrasjonen av Facebook-profilen hennar. Nokre månader seinare vil Eli Anne legge profilen ned - ta ein endeleg avskjed. Ho har allereie fjerna alle venene til Amalie, men kvir seg for å ta det siste steget. Eli Anne skriv på veggen til Amalie og ser attende på forholdet mellom dei - på endringar av status, på løgner og sjalusi, men også på kjærleiken mellom to søstrer. Det var så mykje ho aldri fekk sagt mens Amalie levde. Kjære søster, skriv Eli Anne på Amalies Facebook-vegg. Ho vil ikkje ha noko uoppgjort når ho legg profilen ned og tek endeleg farvel.
Romanen Kjære søster er ei forteljing som rommar både sorg, anger og skam - men også glede, livskraft og håp. Det er også ein roman om musikk, der ulike musikksjangrar og ulike kunstsyn får bryne seg mot kvarandre.
Les mer
Sidetall hentet fra trykt utgave
"Det handlar mykje om syskenkjærleik, men også sjalusi - dei var glade i den same guten. Eli Anne synst ho har mykje å be Amalie tilgje, og forfattaren teiknar vakre, truverdige portrett av båe to. Dei er jenter i tenåra, og forfattaren greier med enkle grep å få dei til å hange psykologisk i hop. Det er godt gjort [...] Språkleg er Walgermo som i tidlegare bøker svært stødig, spesielt vil eg trekke fram at han har ei eiga evne til å seie mykje med få, velvalde ord."
Les mer
Produktdetaljer
Publisert
2015-02-04
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Cappelen Damm
Aldersnivå
12-16
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Forfatter