Andre boka i Katriona-serien, om den raudhåra og hissige jenta som drøymer om å få sin eigen marehest og bli bredinari - ein av Sølvryttarane som rir rundt over heile landet med bodskapar og brev, og med hjelp til folk som treng det. Første boka om Katriona kom på norsk i 2005, med tittelen Sølvhesten. I bok nummer 2, "Hermelinen", begynner Katriona på sølvryttarskolen i Breda By, med hovudet fullt av draumar. Men ingenting er heilt slik ho trudde det skulle vere. Ho har fiendar her. Det er dei som meiner at "fjellbønder" som Katriona ikkje har noko på skulen å gjere. Og så er det Hermelinen, den dødsens farlege Hermelinen, som Kat allereie veit altfor mykje om... Spennande "heste-fantasy" av den danske suksessforfattaren som bl.a. har skrive Skammarserien.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788252167177
Publisert
2006
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Serie
Vekt
380 gr
Høyde
212 mm
Bredde
136 mm
Dybde
21 mm
Aldersnivå
12-16
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
267
Forfatter
Oversetter