Vesle Foxi blir sett på prøve.
Sommaren for tolv år sidan vart polarhunden Foxi fødd på Svalbard. Hunden var liten og svak og åt dårleg. Eigaren, den ivrige hundekøyraren Tommy Jordbrudal, tenkte at han ikkje kunne bruke henne som sledehund. Han ville kvitte seg med Foxi, men ingen ville ha henne.
Då Foxi var fire år, skulle Tommy delta i verdas tøffaste og lengste hundeløp, Iditarod. Tommy var ekstremt uheldig. Før start vart heile tre av hundane som kunne leie hundespannet, sette ut av spel. Tommy hadde ikkje noko val. Vesle Foxi måtte trå til. Å sette Foxi fremst i hundespannet, utan at ho hadde trena på det, var galskap. Korleis skulle det gå? Tommy var livredd på startstreken. Foxi skulle finne vegen gjennom snøstorm og over høge fjellpass. Underleg nok likte Foxi seg betre di meir krevjande løypa vart. Foxi synte seg å vere den klokaste, modigaste og beste hunden Tommy nokon gong hadde hatt.
Dette er ei forteljing om Foxi, men også om hundekøyring, sledehundar, Iditarod og det heilt spesielle forholdet mellom hund og menneske.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788234007859
Publisert
2022-04-01
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
372 gr
Høyde
236 mm
Bredde
165 mm
Dybde
13 mm
Aldersnivå
9-12
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
95
Sjanger
Faglitteratur
Forfatter