Bestefar er bestevennen til Miri. Det beste med han, er at han aldri seier nei. Bestefar kan bygga kva som helst, og tar alltid på seg skulda om noko går gale. Det verste med bestefar er at han skal reisa sørover for vinteren, som ein annan fugl, fordi ein dokter har sagt at han vil få det betre der. Tanken på at bestefar skal få det betre ein annan stad, slår krøll på hjartet til Miri. Ho bestemmer seg for å ta saka i eigne hender: Miri skal henta bestefar heim att. Men korleis kjem ein seg eigentleg til Spania? Bestefar og Miri er ei nydeleg bildebok om vennskap, sakn og barnleg kreativitet. Mariell Øyre, kjend som fotograf, gründer og influencer, debuterer som barnebokforfattar med denne skjønne forteljinga, illustrert av Borghild Fallberg.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2022-05-12
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Cappelen Damm
Aldersnivå
3-6
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Sjanger
Skjønnlitteratur

Forfatter
Illustratør