«Moldskreds nynorsk har det same parr.ske, friske og saftige preget av prat og seiemåtar frå bygda der Ingeborg bur. Både språk og innhald gjer at boka eignar seg til høgtlesing . både i familien og i klasserommet.»

- Janne Karin Støylen, Bergens Tidende

Korleis bli tøff på to veker? Ingeborg er van med å ha Pernille der heile tida. Ei kul og sterk bestevenninne som veit kva ho skal seie viss nokon prøver å erte Ingeborg for høyreapparata. Men no er dei blitt uvenner, og Ingeborg blir stadig mint på at ho er annleis. Ein dag då alt er ekstra kudrit, gir storebror til Ingeborg henne ei utfordring: For at ho skal slutte å bry seg om kva andre seier om henne, skal ho gjere fire ting som ho aldri har tort før. Men korleis skal ho tore å gjere noko som er så skummelt at ho knapt vågar tenke på det? Og korleis kan du eigentleg vite om du er blitt eit tøffare menneske? Åshild Moldskred (f. 1978) kjem frå Haddal i Ulstein kommune og bur i Trondheim. Her studerer ho ergoterapi ved NTNU. Dette er den tredje boka hennar for barn og ungdom.
Les mer
«Moldskreds nynorsk har det same parr.ske, friske og saftige preget av prat og seiemåtar frå bygda der Ingeborg bur. Både språk og innhald gjer at boka eignar seg til høgtlesing . både i familien og i klasserommet.»
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234003783
Publisert
2021-01-13
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
275 gr
Høyde
212 mm
Bredde
136 mm
Dybde
18 mm
Aldersnivå
9-12
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
170
Sjanger
Skjønnlitteratur
Innkjøpsordning
Kulturfond

Forfatter