Ny barnebibel med fleire historier om jenter og kvinner. Forteljingane i Bibelen er blitt fortalde i hundrevis av år. Dei er grunnlaget for den kristne trua og ein sentral del av den vestlege kulturen. I tillegg er bibelforteljingane spennande! I denne flotte barnebibelen blir du kjend med dei viktigaste personane i Bibelen. Forfattar Alf Kjetil Walgermo har gjenfortalt historiene og har mellom anna tatt med fleire jenter og kvinner enn det som har vore vanleg i tidlegare barnebiblar. Her får du ikkje berre høyre om Daniel i løvehola og Jona i fiskebuken, men også om smarte dronningar som Ester, sterke leiarar som Debora og sentrale augevitne som Maria Magdalena. Barnebibelen er gjennomillustrert av Anna Fiske. Den særeigne streken hennar er med på å gi dei gamle historiene eit friskt og nytt uttrykk, både respektfullt og med humoristisk snert. Boka passar godt både til høgtlesing for små barn og som ei innføring i Bibelen for barn som sjølve har lært å lese. Ho vil i tillegg vere eit fint alternativ for vaksne lesarar som ønskjer å få med seg det aller mest grunnleggande på kortfatta vis. «Boka er ei forrykande fargebombe med ein originalitet som gjer at denne barnebibelen truleg vil nå fram til eit breiare publikum enn meir tradisjonelle utgjevingar.» - Sofie Braut, Vårt Land
Les mer
Walgermo møter tekstane med respekt, han dukkar ikkje unna det vanskelege, og han får fram nerven i bodskapen.

Produktdetaljer

Publisert
2022
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
6-9
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Kunstner