For tre år sidan lanserte Herborg Kråkevik Barnas Juleroser, eit kvalitetsjulehefte for barn mellom 6 og 12 år. Dette er eit underhaldande hefte spekka med glade juleforteljingar, teikneseriar, dikt, songar og ikkje minst leikne og morosame illustrasjonar signert nokre av våre fremste barnebokillustratørar. Blant bidragsytarane finn vi mellom anna Tegne-Hanne, Gulraiz Sharif, Bjørn F. Rørvik, Helge Torvund, Anna R. Folkestad, Harald Nortun og Martin Ernstsen. Framsida er illustrert av Malin Falch. Juleroser og Barnas Juleroser er eit samarbeid mellom Samlaget og Story House Egmont AS. I fjor kom albumet Juleroser ut på Grappa Musikkforlag. I år lanserar dei i samarbeid med Herborg Kråkevik og Juleroserkvintetten albumet Barnas juleroser med songane som har stått i Barnas juleroser dei første åra.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788242977007
Publisert
2022-10-28
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Egmont Kids Media Nordic AS
Aldersnivå
6-9, 9-12
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Lydfil