Bakom kvite skyer er ein frittståande roman, men lesarane vil kjenna igjen persongalleriet frå dei tidlegare bøkene hennar med handling frå vikingtida. Dette er ei allalderbok som vil passa for lesarar frå 12 år, men vaksne vil ha like stor glede av boka. På Hjaltland (Shetland) går Hallgjerd og ventar på kjærasten Torarin, som held til bakom dei kvite skyene i aust. Ho har orda til bestemora i øyra: "Bakom dei kvite skyene, der ligg heidningelandet Noreg". Hallgjerd lengtar etter den store kjærleiken. Torarin har lova at han ein gong skal koma attende til henne, men kor lenge kan Hallgjerd venta? Ho bur åleine på garden med bestemora, og ho pressar på for at den noko eldre naboen Unas skal få innpass. Berit Vatne Vik held seg i skjeringspunktet mellom sanning og løgn. Historiske personar og hendingar er fletta inn i forteljingane hennar. Ho brukar eit fortetta, innhaldsrikt og vakkert språk, og skriv eit nynorsk det er ei glede å lesa. Forfattaren har lagt seg på eit litt meir moderne nynorsk enn tidlegare bøker. Framsida er måla av den anerkjente kunstnaren Hennie Andersen. Biletkunstnaren, som har hatt fleire utestillingar på Osterøy, har medverka til at boka er eit lite kunstverk i seg sjølv. Ho har henta hovudpersonen ut or teksten og plassert henne under den høge himmelen på Shetland.
Les mer
Audun Mosevoll, Dagen: «Det er noko med forteljarstilen hennar som fascinerer meg. Ho fører eit vart og nøkternt språk, men samstundes er det så innhaldsrikt og vakkert.»

Produktdetaljer

ISBN
9788269062601
Publisert
2017-02-03
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Leirfuglen Forlag
Vekt
231 gr
Høyde
210 mm
Bredde
136 mm
Dybde
12 mm
Aldersnivå
12-16
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
96

Forfatter