Danske Olga Ravn befester posisjonen som en av de mest interessante unge nordiske forfatterne (...) Men god damn!, så stimulerende dette er. (...) Så underfundig og språklig tilfredsstillende, og etter endt lesing gir boken en særegen tung og god følelse i kroppen – slik jeg har vendt meg til at alle bøkene til Olga Ravn gjør.

- Jonas Hansen Meyer, NRK

Etterkvart som eg les veks engasjementet mitt for kvinnene som levde på 1600-talet og det vaknar eit sinne i meg som få andre bøker om same tema har klart å vekke. […] Inger Bråveit har på meisterleg vis gitt «Voksbarnet» ei nynorsk språkdrakt som tar vare på dei språklege kvalitetane i originalen.

- Mai Lene Fløysvik Hæåk, Stavanger Aftenblad

Flammene fra Olga Ravns heksebål strekker seg helt inn i vår samtid.

- Leif Gjerstad, BOK 365

Se alle

[Det] stiger et dunstende, surklende tidsbilde mot leseren når det lille og store, det ekle og vakre, det høye og lave griper etter hverandre innenfor et knippe setninger, nydelig formidlet i Inger Bråtveits nynorske bearbeiding ...

- Silje Bekeng-Flemmen, Klassekampen

Poetisk true crime om 1600-talets hekseprosessarDen ugifte adelskvinna Christenze Kruckow blir skulda for trolldom og må flykta frå Fyn til Nordjylland. I Ålborg finn ho seg til rette i krinsen rundt vakre Maren Kneppis, ei gruppe kvinner som arbeider og festar saman. Men snart blir Christenze innhenta av trolldomsryktet sitt og lyt innsjå at ikkje berre ho, men også dei nye venninnene hennar står i fare for å enda på bålet.Den sentrale skuldinga mot Christenze rettar seg mot det magiske voksbarnet ho skal ha laga. Det er denne dokka som no tar ordet for å fortelja om skjebnen til desse kvinnene.Voksbarnet er eit portrett av ein skjør fellesskap, eit innblikk i ein magisk kvardag og ei skremmeleg forteljing om ein hekseprosess basert på ei rekke verkelege hendingar frå 1600-talets Nordjylland."Eg er eit barn av bivoks. Og eg er som ei dokke på storleik med underarmen til eit menneske. Ein har forsynt meg med hår og negler frå den personen som skal lida. Eg vart boren av frua mi i 40 veker under høgre armen hennar som var eg eit ekte barn, og voksen vart mjuk av varmen hennar. Til slutt tok ho meg med til ein prest, det var om natta, og kyrkja var mørk og stille, og han døypte meg, voksbarnet. Eg vart ein reiskap. Det var på Nakkebølle gods på Sør-Fyn. Munnen min av voks kan ikkje opnast."Omsett av Inger Bråtveit.]]>
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2024-10-14
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
190
Orginaltittel
Voksbarnet
Sjanger
Skjønnlitteratur
Innkjøpsordning
Kulturfond

Forfatter
Oversetter