Nok ein gong eit litterært høgdepunkt. […] Prosaen flyt fint og stille i ei omsetjing Margunn Vikingstad kan vera stolt over.

- Odd W. Surén, Dag og tid

Margunn Vikingstad lukkast langt på veg med å gje Proust ei frisk og moderne nynorsk språkdrakt. […] Omsetjinga manøvrerer også grasiøst i alle dei franske relativsetningane som ikkje kan omsetjast ord for ord til nynorsk.

- Jógvan Helge Gardar, Norsk tidend

Kjærleik og galskap i vakker, fransk foreining [.] Margunn Vikingstad lukkast med å overføre Proust si særeigne språklege flyt til eit naturleg og moderne nynorsk, og blåser nytt, vitalt liv i ein av dei mest tonegjevande romanane i europeisk litteratur.

- Gro Jørstad Nilsen, Bergens tidende

Se alle

Å overføre Marcel Proust til ein norsk som flyter er ei bragd. […] Eg koste meg med Swanns kjærleik. Eg syns at Margunn Vikingstad har gjort ein solid jobb med å få dette til å flyte av garde på nynorsk. […] Det er ein fin introduksjon til Proust. […] Alle dykk som tenkjer «å, Proust, ja, det skal eg gjere ein gong», no har dykk sjansen. Swanns kjærleik er ute ein også estetisk veldig vellukka versjon. Spring til biblioteket, spring til bokhandelen!

- Gerd Elin Stava Sandve, Åpen bok, Nrk P2

Forfattarskapen til franske Marcel Proust (1871-1922) er ein nave i moderne litteratur verda over. Hans gigantiske roman «På sporet av den tapte tid», som kom ut i femten bind frå 1913 til 1927, har blitt eit uomgjengeleg referansepunkt for alle boklesande. Augneblinken då hovudpersonen dyppar ein madeleine-kake i teen og blir utsett for det ein kallar eit ufrivillig minne, har i seg sjølv blitt ein ikonisk augneblink i moderne idéhistorie. Generelt sett er Prousts store verk éin stor roman, med eit unnatak: «Swanns kjærleik», som er ein lang digresjon og i stor grad står på eigne bein. Forteljinga er blant dei mest kjende kjærleikshistoriene i verdslitteraturen, og er ein fin inngang i den store forfattarskapen og er i fleire land utgitt som eige verk. Den intense historia om korleis levemannen Swann steg for steg forvillar seg inn i ei kjærleiksaffære, har alt som følgjer med av lengsel, havesjuke, sjalusi, svik, sjølvplaging og den underliggande undringa på om det verkeleg går an å kjenne eit anna menneske.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788279593652
Publisert
2023-10-23
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Vekt
352 gr
Høyde
185 mm
Bredde
125 mm
Dybde
30 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Fleksibind
Antall sider
306
Orginaltittel
À la recherche du temps perdu
Sjanger
Skjønnlitteratur
Innkjøpsordning
Kulturfond

Forfatter
Oversetter