I nokre sommarveker ligg Oslogryta på kokepunktet og vinden er søkk borte. Pianostemmaren Henry Moan er godt vaksen og heile livet har han budd i den same bygarden i Thereses gate.
Han har brukt talentet sitt til å gjere amatørar gode og la virtuosar skinne.
Ein dag døyr sjefen og Henry innser at ein livslang draum om å bryte opp og flytte til Salzburg er innan rekkjevidde. Han skal berre avvikle pianobutikken, besøke epleskrotten av ei mor, få greie på kva som eigentleg skjedde med Slampen, ta seg av undulaten Louis, bli sjukemeldt, unngå å verte forelska, bli friskmeldt, spreie sjefens oske utover Oslo, halde gullavtalen med Konserthuset varm, nippe til ein whisky av beste sort i Bar Noir, bli klok på Frk. Sanner, diskutere livserfaringar med Chet Baker og ikkje minst få seg ei god natts søvn på så lengje han kan hugse.
Sommar i Thereses gate er ein roman om dei som aldri tek steget for å realisere seg sjølv, om dei som aldri seier det det har på hjartet og om dei som kan leve eit heilt liv utan å bli sett.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788202408893
Publisert
2013-03-08
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Cappelen Damm
Vekt
115 gr
Høyde
185 mm
Bredde
115 mm
Dybde
11 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
166
Forfatter