Gåtefulle forteljingar. I ein hage møtest to gamle kjende som kanskje ikkje kjenner kvarandre likevel. I luftrommet over Himalaya veit ein pilot at tap av kontroll kan få fatale følgjer. Utstasjonert på dei aude kasakhstanske slettene stoppar ein mann ut eit ekorn han har tenkt å gi vekk som kjærleiksgåve. På Nordic Noir-fabrikken produserer dei bestseljande kriminallitteratur under elendige arbeidsvilkår. Novellene i «Slutten på historia» er prega av underliggjande uro, impulsar ein ikkje rår over, minne som sviv, og noko gåtefullt som skurrar i det ytre eller det indre. Dei nyskrivne novellene i denne samlinga presenterer styrken og breidda i den nynorske litteraturen. Her får forfattarane briljere i kortformat, lett tilgjengeleg for lesaren. Novellene er skrivne av Frode Grytten, Gaute M. Sortland, Mette Karlsvik, Mads Rage, Siv Østrem Peersen, Kjersti Rorgemoen, Siri Økland og Endre Tveit. Boka presenterer òg ein debutant, Therese Bakkevoll. «Slutten på historia» er tredje utgåva i den årlege novelleantologien Nye nynorske noveller.
Les mer
De som bidrar er: Frode Grytten, Mads Rage, Mette Karlsvik, Therese Bakkevoll, Endre Tveit, Siv Østrem Peersen, Gaute M. Sortland, Kjersti Rorgemoen og Siri Økland
Variert og leseverdig antologi med bidrag fra kjente og mindre kjente forfattere.

Produktdetaljer

ISBN
9788234001987
Publisert
2022-03-01
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
240 gr
Høyde
212 mm
Bredde
138 mm
Dybde
13 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
121