Når utruskapsbarnet Una som vaksen bestemmer seg for å gjera alt ho kan for å sameinast med faren, er det med ei kjensle av at noko viktig manglar i livet hennar, og ho kjenner seg einsam i lag med mora. Faren er den kjende sjølvhjelpseksperten MotivaTor, og Una følger med på alt han gjer, gjennom YouTube og sosiale medium. Inspirert av dei oppmuntrande livsråda hans finn ho mot til å oppsøka han for å få bli ein del av livet hans, trass i åtvaringar frå sine nærmaste. MotivaTors svoltne sjølvbilde får næring av beundringa han møter hjå publikummet sitt. Men samsvarer merkevaren med hans faktiske liv og personlegdom? Undervegs i jakta på faren erfarer Una at alt ho har drøymt om, ser annleis ut enn det ho forventa. Når ho blir kjend med halvbroren Kalle, tar trua hennar på faren ei dramatisk vending, og ho gjer eit avgjerande val.
Les mer
"...meget underholdende bok med en alvorlig undertone..."

Produktdetaljer

ISBN
9788230354018
Publisert
2022-06-01
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Elin F. Styve
Vekt
259 gr
Høyde
191 mm
Bredde
120 mm
Dybde
16 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
236

Forfatter