Folketrua er full av mytiske vette og magiske råd for å verne seg mot desse. Spora etter magien finst i gamle bygningar, i skikkar og folkekunst. I segnene lever usynlege vesen livet sitt parallelt med menneska. Dei går under namn som julereia, huldrefolk og tussar. Sjølv om ein ikkje såg dei, visste ein at dei var der: Spor, lydar og teikn var tydelege bevis. «Segner frå Nordhordland» tek oss med til den magiske verda til forfedrane våre. Trua på vetta var ein del av kvardagsliv og høgtid, og frykta for dei gav rammer for arbeids.oppgåvene gjennom året. Kunnskap om korleis ein kunne verje seg, stod høgt, for ein måtte spele på lag med vetta. No er det få att som hugsar denne kunnskapen, eller kan fortelje om det. Men han finst, nedskriven i memorat og segner, godt gøymd i «hemmelege» arkiv. Spora etter magien finst gøymde i gamle bygningar, på gjenstandar, i skikkar og arbeidsmåtar, i kulturarven vår. Kva tyder teikna, og kva løyndommar skjuler seg her?
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788279593676
Publisert
2023-10-31
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
191

Illustratør
Redaktør