Eit skip siglar på fjorden, ein doktor deler ut medisin som skal halda folk friske. Men ein etter ein dør dei og blir kasta ut i fjorden, berre med ei bok på brystet og med eit dekke av fiskeskinn. Poll overtar vaskejobben på skipet etter sistemann som gjekk i fjorden. Under vaskinga av kapteinens kahytt finn han ein nøkkel som passar i kista under senga. Der ligg bøkene. Poll har aldri sett i ei bok før. Kan det skada om han opnar ei av dei? Og skipet siglar vidare er forteljinga om mannskapet på eit skip, som ikkje kjenner noko anna enn dette skipet og kvarandre, havet under dei og himmelkvelven over. Ein eventyrleg roman om det å finne sin plass i verda. Mads Rage (f. 1982) er utdanna ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og Universitetet i Bergen. Han er busett i Oslo og arbeider i Politiets IKT-tenester. Og skipet siglar vidare er hans første bok.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2018-02-21
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
170

Forfatter