- Eg ville bli glad om du kunne skrive noko for meg, seier ho, sidan du er forfattar, legg ho til. I radioen har ho følgd med omtalen av skriveria mine, har skjøna det slik at eg har gjort forfattarskapet til leveveg. Sonen las ved eitt høve nokre av dikta mine for henne, nymotens greier, ho likte dei likevel. Så kan eg skrive noko om henne? - Det kan eg kanskje. Du har levd eit langt liv, har sikkert opplevd mykje interessant. Ho svarar utan å tenkje seg om. Orda kjem faste og tydlege i det mjuke talglyset, i den vedunderlege angen av tørka frukter odla fram i endelaus sol. - Nei, det er nettopp det som er saka. Eg har ikkje opplevd noko spanande, har aldri opplevd noko som helst. Etter at ekteskapet havarerer, prøver ein forfattar å få avstand til nederlaget ved å isolere seg på ei hytte i barndomstraktene for å skrive noveller. Under arbeidet med dette, blandar fortida hans seg med notida og kastar skuggar over tekstane.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788274888395
Publisert
2019-05-27
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Solum Bokvennen
Vekt
394 gr
Høyde
218 mm
Bredde
145 mm
Dybde
17 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
186

Forfatter