Korte forteljingar som blir verande lenge i lesaren. Eit elskande par hamnar på sjøen, ei kvinne tar seg av den aldrande mor si og prøver å finne kjærleiken samstundes, ein gut er redd for å bli eit monster i løpet av natta, ei kvinne ber den døde hunden sin gjennom skogen for å finne ein gravstad. Novellene i «Ingenmannsland» handlar om utroskap, angst, kjærleik og lengt, men òg om kampen for tilværet, utanforskap og radikalisering. Her er realistisk samtid og dystopisk framtid. Dei nyskrivne novellene i denne samlinga presenterer styrken og breidda i den nynorske litteraturen, som aldri har stått sterkare enn i dag. Her får forfattarane briljere i kortformat, lett tilgjengeleg for lesaren. Dei som bidrar, er blant våre fremste forfattarar: Marit Kaldhol, Ingvild Holvik, Sigrid Merethe Hanssen, Vidar Kvalshaug, Solfrid Sivertsen, Hilde Myklebust, Rønnaug Kleiva og Lars Petter Sveen. Boka presenterer òg ein debutant, Ingrid Senje. «Ingenmannsland» er første utgåve i den årlege novelleantologien «Nye nynorske noveller».
Les mer
De som bidrar er: Marit Kaldhol, Ingvild Holvik, Sigrid Merethe Hanssen, Vidar Kvalshaug, Solfrid Sivertsen, Hilde Myklebust, Rønnaug Kleiva og Lars Petter Sveen, Ingrid Senje

Produktdetaljer

ISBN
9788234001949
Publisert
2020-04-03
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
295 gr
Høyde
212 mm
Bredde
138 mm
Dybde
18 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
175
Sjanger
Skjønnlitteratur