Høyreluren er så forfriskande fortald at ein for ei stund kjenner seg fri frå moralske og fornuftige lekkjer, nett slik surrealistane hadde som målsetjing for kunsten. Ikkje minst er boka overraskande aktuell og tangerer tema som dyrevern, klimakrise og atomvåpentrugsel, og med transpersonar i fleire roller. I tillegg er ho opprørsk og feministisk.

- Hilde Vesaas, Dag og Tid

Uimotståelig kraftpakke av en bok

- Kåre Bulie, Klassekampen

I Høyreluren er Carringtons nedsabling av det bestående fullkomment lystig, romanen er først og fremst fandenivoldsk opptatt av å bryte ut av tralten. Kanskje er det mest oppsiktsvekkende med Carringtons langhårede visjon at den fungerer, hun klarer å skape en verden der opprør nytter, uten at det blir for dumt. Hyenesmilet i Høyreluren etterlater også leseren glisende.

- Carina Beddari, Morgenbladet

Surrealistisk klassikar. «Ein av dei mest originale, gledelege og visjonære romanane i det 20. hundreåret», har den britiske forfattaren Ali Smith uttalt om Leonora Carringtons meisterverk «The Hearing Trumpet» frå 1974. Romanen byrjar med at 92-årige Marian Leatherby blir tvinga på pleieheim av sonen og svigerdottera. Her blir ho dradd inn i ein labyrint av underlege og etter kvart livsfarlege hendingar. På veggen i matsalen heng eit måleri av ei mystisk abbedisse, som blunkar til henne. Når Marian får tak i ei bok om abbedissa sitt liv, blir vi med fleire hundre år tilbake i tid til eit oppdrag for å bringe den heilage gralen attende til sin rettmessige eigar, gudinna Venus. «Høyreluren» er ei vilt fabulerande, humoristisk og satirisk forteljing, eit sprudlande, feministisk manifest og ein kommentar til det mannsdominerte samfunnet si rovdrift på naturen. Boka er omsett frå engelsk av Gunstein Bakke. Susanne Christensen har skrive eit etterord. «Denne boka er så inspirerande [...] Eg elskar fridomen og humoren i boka og at ho skaper sine eigne lover.» - Björk «Denne vesle boka gjorde eit kraftfullt inntrykk på meg.» - Olga Tokarczuk
Les mer
Etterord av Susanne Christensen
Høyreluren er så forfriskande fortald at ein for ei stund kjenner seg fri frå moralske og fornuftige lekkjer, nett slik surrealistane hadde som målsetjing for kunsten. Ikkje minst er boka overraskande aktuell og tangerer tema som dyrevern, klimakrise og atomvåpentrugsel, og med transpersonar i fleire roller. I tillegg er ho opprørsk og feministisk.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2022-01-18
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
201
Orginaltittel
The hearing trumpet
Sjanger
Skjønnlitteratur

Oversetter