Snart får Ragna i oppgåve å skrive ein NOU-rapport om villreinen og om fjellet si etiske stemme. Kollegaene meiner rapporten er nok eit papir for skrivebordsskuffa, men Ragna ser for seg eit modig dokument med politisk sprengkraft. Kven er fjellet sine heltar og skurkar? spør ho og lanserer eit upopulært svar. Arbeidet hennar utløyser sterke reaksjonar. Ei anonym trusselmelding dukkar opp - er ho trygg på kontoret, er ho trygg i sin eigen heim? Om fiendane er utspekulerte, er ikkje Ragna heilt framand for dristige arbeidsmetodar sjølv heller.Ragna håpar at kjærasten Lars vil flytta etter ho på sikt. Men arbeidet med rapporten kvervlar opp hendingar i fortida. Eit djupt sakn tek tak i ho og dyttar ho i ei drastisk retning."Høgfjellsmeldinga" er ein poetisk pageturner om kontorliv, naturrestaurering og radikale meiningar, om forelsking, hemn og usynlege drivkrefter.]]>
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788249529421
Publisert
2024-10-03
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Oktober
Høyde
205 mm
Bredde
130 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
334