"Framom døden" skildrar ei dødsreise. Vi møter familien Bundren medan mor Addie ligg for døden, og følgjer dei gjennom eld og vatn på den lange ferda for å jordfeste liket. Først etter ti pinefulle dagar får dei endeleg lagt henne til kvile. I møte med bibelske prøvingar trer personane fram med alle sine lyter og egosentriske motiv. Forteljinga ovrar seg gjennom eit vell av ulike stemmer, og vi kjem tett på det grunnleggjande menneskelege. Faulkner plukkar frå kvarandre den tilsynelatande velordna verda i dei nordamerikanske sørstatane og syner fram uhyggelege skuggesider. Faulkner skreiv romanen i løpet av nokre få veker i byrjinga av 1930-åra. Då var forfattaren inne i ein svært skapande periode, der han med hell freista nye stilleie og nye vegar innan modernismen. Bøkene er prega av medvitsstraum hos karakterane (stream of consciousness), skiftande perspektiv og sterk stilistisk eksperimenteringsvilje. "Framom døden" er blant dei best kjende verka til Faulkner og er eitt av dei viktigaste verka i det tjuande hundreåret. SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.
Les mer
"1930" - Ryggen. 1. norske utgave Oslo : Solum, 1992 med tittel: Dødens dager
Sivert N. Nesbø har omsett romanen til framifrå nynorsk. Ordtilfanget er rikare enn i dei fleste samtidsromanar i dag, og språket gir både valør til dei ulike forteljarstemmene og kontinuitet til forteljinga.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788279593331
Publisert
2021-11-01
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Vekt
300 gr
Høyde
185 mm
Bredde
128 mm
Dybde
25 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
257

Forfatter
Oversetter