Julie Dalgård har alltid hatt eit nært forhold til veslebroren. I alle år har Julie og Lasse dratt ut på ekspedisjonar, eit fellesskap med fantasifull leik og røff humor. Lasse var to år då dei mista mora, Julie var tretten og uvillig til å ta morsrolla. Ho ber på ei skuldkjensle for at ho valde sitt eige ungdomsliv og reiste frå veslebroren. Og når Lasse får ein alvorleg kreftdiagnose, blir Julie fanga av tanken om å ta han med tilbake til barndomstraktene for å vekke kamplysta. Englestien er ein roman om ei søster og ein bror som trassar ein dødsdom og legg ut på ei vandring i landskapet frå barndommen. For ein gongs skuld skal ho ikkje reise frå han. Lasse, derimot, prøver å få Julie til å gi slepp, for denne gongen er det han som må reise frå henne. Dette er ein frittståande oppfølgjar til Paradishagen.
Les mer
Dette er den andre boken om Julie Dalgård.

Produktdetaljer

ISBN
9788252181920
Publisert
2013-10-03
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
348 gr
Høyde
210 mm
Bredde
140 mm
Dybde
22 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
221
Sjanger
Skjønnlitteratur

Forfatter