Den humoristiske og samtidig såre romanen er skrive på eit lettlese og vakkert nynorsk, med fin rytme og tankevekkande formuleringar. [.] Skildringane av Heimlunds .verkelegheit. opplevast . med få unntak . ekte og sanne, sjølv kor absurde dei kan vere. Derfor kjenner eg meg klokare etter å ha lese denne boka.

- Marit Heiene, Romsdal Budstikke

.Eg kom ikkje heim før det vart natt. [gir] noko langt meir enn ei fin lesestund. Den er viktig. Den gjer at eg føler med og får respekt for både Agnar i hans verd, og nærståande som gjer sitt beste for å gi omsorg i travle dagar. [.] «Det er vanskeleg å tenke seg nokon betre til å skildre ein klok, men dement manns liv og verd enn nettopp ein lyrikar og psykiater med Rusets gode penn og faglege innsikt.»

- Marit Heiene, Romsdal Budstikke

Med kløkt og innsikt skildrar Arne Ruset ein demenssjuk person frå innsida, slik at lesaren kan forstå og læra. Boka er endåtil underhaldande, utan at det på nokon måte går ut over alvoret i teksten.

- Odd W. Surén, Dag og Tid

Se alle

.eg måtte lese ferdig boka før eg kunne gå og leggje meg. Rett og slett fordi den greip meg så sterkt, på fleire plan. Eg trur muligens .Eg kom ikkje heim før det vart natt. har gjort meg til eit litt klokare menneske .

- Britt Ingunn Maurstad, Storfjordnytt

Det som gjer boka til noko langt meir enn ei trist og trasig beretning om demens, er den rusetske humoren som overrislar mest kvar side i romanen. Eg vil påstå at nettopp det er den viktigaste sida ved forteljinga.

- Jostein Sæbøe, Litteraturkritikar,

Vakkert, tankjevekkande, humoristisk og sårt om demens

- Britt Ingunn Maurstad, Storfjordnytt

Agnar Heimlund har fått ein demenssjukdom. Ein dag høyrer han The Dubliners framføre ein song på radioen, og legg ut på ei mangfaldig reise. Undervegs kjem han med ein viktig bodskap: Ingen skal få kome og hevde at eg ikkje lenger kan tenkje kloke tankar. Eg kom ikkje heim før det vart natt er ein sår og surrealistisk roman som skildrar korleis livet ser ut når verda utanfor forsvinn meir og meir.
Les mer
Med kløkt og innsikt skildrar Arne Ruset ein demenssjuk person frå innsida, slik at lesaren kan forstå og læra. Boka er endåtil underhaldande, utan at det på nokon måte går ut over alvoret i teksten.

Produktdetaljer

Publisert
2023-03-13
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Solum Bokvennen
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Sjanger
Skjønnlitteratur

Forfatter