I denne forteljinga møter vi gamle Hadoula, eller Frangoyannou, ei bitter kvinne og eit offer for dei sosiale tilhøva som ramma kvinner i Hellas på den tida, og som framleis gjer det i mange land og kulturar. Romanens bodskap om kvinneundertrykking er på mange vis universell og framleis aktuell mange stader i verda. Brotsverka til Hadoula er grunngitt med ei slags misforstått medkjensle, inspirert av eit edelt mål om å hindra liding og uverdig liv i trældom. Alexandros Papadiamantis er i dag ein del av den greske litterære kanon. Reisande som kjem til Skiáthos med fly vil kunne sjå at han har gitt namn til flyplassen på heimstaden, eit teikn på at han er ein høgt skatta forfattar i heimlandet Hellas. Boka er omsett frå engelsk av Jon O. Lorentzen.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788293903055
Publisert
2022-02-24
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Svein Sandnes Bokforlag
Vekt
260 gr
Høyde
213 mm
Bredde
139 mm
Dybde
16 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
141
Orginaltittel
I fónissa
Sjanger
Skjønnlitteratur