Mora hadde fire barn, no har ho tre. Den nest eldste sonen har tatt livet sitt, berre nitten år gamal. Livet for familien i romanen er blitt eit uroleg hav med ufattelege djup og mørker, som truar med å trekke mora under. Men minsteguten hennar er berre fire år. Med han på ryggen, på reise med familien i Noreg og utlandet, må ho finne ut korleis ho skal halde seg flytande. Han treng ho. For han og dei andre barna, må ho redde seg sjølv. Romanen er eit brev til den døde sonen. «Går det an å skrive roman om ein son som har teke sitt eige liv? Etter å ha lese Djuphavsslettene av Hilde Kvalvaag vil eg svare klart ja.» «Djuphavsslettene er ei djupt menneskeleg og djupt gripande historie om kva katastrofar kan gjere med eit menneske.» Marta Norheim, NRK «…begynner ein på boka, må ein bli gripen av intensiteten i den sorga og kjærleiken som held teksten oppe, og som det er ei litterær bedrift å halda ved like over nesten 400 sider.» [Terningkast 5] Jan Askelund, Stavanger Aftenblad «Dette er den verste og beste romanen eg har lest på lang tid. Verst på grunn av det hjerteskjærende innholdet, best på grunn av språket og at ho klarar å setja ord på tankar og følelsar, der andre slit med å uttrykke seg.» [Terningkast 5] Kjell Magne Gjøsæter, bokblogger
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788241958441
Publisert
2022-03-11
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Vigmostad Bjørke
Vekt
317 gr
Høyde
200 mm
Bredde
130 mm
Dybde
23 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
390

Forfatter