Det finst få verkeleg store humoristar i 1900-talslitteraturen, men Flann O'Brien (eg. Brien O'Nolan 1911-1967) er ein av dei. Tydeleg inspirert av James Joyce gav han i 1939 ut romanen At Swim-two-birds (På svøm-to-fugler), som begeistra framståande samtidige . Joyce sjølv, men òg Graham Greene og Jorge Luis Borges. Den tredje politimannen, skriven i 1940, kom aldri ut medan han levde. Han påstod at han hadde mista manuskriptet på bussen eller puben eller trikken, men det er meir sannsynleg at han la det vekk etter at det blei refusert. O'Brien gav ut ein roman på irsk, An Béal Bocht, i 1941, også den ei fantastisk morosam bok, og han gav ut fleire romaner, noveller og skodespel etter krigen. Men det var særleg då Den tredje politimannen endeleg kom ut i 1967 at han fekk ry som ein betydeleg skjønnlitterær forfattar. Det er dei tidlege romanane som har gjeve O'Brien nemninga "den første post-modernist". Tematiseringa av fiksjonen, og spelet med autensitet og røyndom er i desse bøkene på ein unik måte kobla saman med den store irske forteljartradisjonen.
Les mer
Boka er ein moderne fabel om brotsverk og straff, synd og skuld, liv og død, fortalt av ein morder i helvete.
Pseudonym for Brian O'Nolan
Produktdetaljer
ISBN
9788256012930
Publisert
2001
Utgave
2. utgave
Utgiver
Vendor
Solum
Vekt
210 gr
Høyde
210 mm
Bredde
130 mm
Dybde
16 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
267
Orginaltittel
The third policeman
Sjanger
Skjønnlitteratur
Forfatter
Oversetter