"Du er blitt ein svært vakker ung mann, Asgeir. Gjeve kvinnerkjem til å slåss om deg". Asgeir Åsason er fødd i år 907 og veks opp på øya Bru i Sunnfjord. Ingen veit kven far hans er. Dette er ei stor skam, så medan jamaldringane får reise i viking, lyt Asgeir vere heime og gjere "kvinnfolkarbeid". Vismannen Tormod Frode tek seg av han i løynd, fortel at han er etterkommar av guden Odin, og lærer han både språk og idrettar. Men dette må han halde for seg for seg sjølv til tida er inne. Tida er prega av hard strid mellom landsdelar, kongsemne og krigarflokkar. Dronning Gunnhild, gift med kong Eirik Blodøks, er ei kvinne som får stor innverknad på lagnaden til skosveinen Asgeir. Han oppdagar etter kvart at han har magiske krefter.. Dette er første bok i serien "Odins smykke" som går føre seg i brytningstida då heidendom og åsatru stod mot kristendom og Kvitekrist. Bjarte Sindre (f. 1936) frå Florø er cand.philol. med nordisk hovudfag, pensjonert rektor, lokalhistorikar og har skrive fleire bøker. Dette er den første skjønlitterære boka hans
Les mer
Romanen handlar om Asgeir Åsason som veks opp i Sunnfjord på 900-talet. Ingen veit kven far hans er, og dette er ei så stor skam at Asgeir ikkje får reise i viking som dei andre på hans alder. Vismannen Tormod Frode fortel at han er etterkommar av guden Odin, og i løyndom lærer han Asgeir språk og idrettar. Asgeir oppdagar etter kvart at han har magiske krefter, og dronning Gunnhild viser seg å få stor innverknad på lagnaden hans.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282400305
Publisert
2010-11-11
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja Forlag
Serie
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
223

Forfatter