Gåtefulle forsvinningar i Stalins Sovjet Som liten gut får Tor Steinar Normann ideen om at han skal hjelpe bestemor: «Når eg blir stor, skal eg dra til Russland og finne bestefar for deg.» I 1929 drog bestefar hans som idealistisk kommunist til Russland for å byggje sovjetstaten. Der forsvinn han i ein av Stalins mange fangeleirar. Tor Steinar får på mange måter ein oppvekst som er typisk for etterkrigstida: han blir militærnektar, student og politisk aktivist - og etablerer seg som teknisk sjef i Øvre Valdres. Men ideen om å finne ut kva som skjedde med bestefaren, slepper aldri taket. På ei av sine reiser i det tidlegare Sovjetunionen forsvinn han sjølv. Aldri redd for mørkets makt er ein roman om stalinismen, og tankegodset som nådde heilt inn i på norske studenthyblar på syttitalet. I glimt ser vi òg ei norsk familiehistorie over fire generasjonar. Kvar på sin måte tumlar romanpersonane med dei store spørsmåla: Kvifor valde eg som eg gjorde?
Les mer
Sidetall hentet fra trykt utgave

Produktdetaljer

Publisert
2016-10-07
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
315
Sjanger
Skjønnlitteratur

Forfatter