Siste bok i duetten om Eirabu, et norsk fantasy-epos av sjelden kvalitet. For at den gamle spådomen om verdas ende skal bli røyndom, har tre søstre blitt avla fram av den eldste volva og den eldste av gudane, utstyrte med vilje og krefter dei sjølv er uvitande om. Rundt dei sørgjar ulike maktar og skapnader for at dei skal bli skikka til å gå lagnaden i møte.I slaget på Vigrid har tusener av menn mista livet, og tilbake på slagmarka står femten år gamle Ragna med eit sverd som har redda kjærasten hennar ut av døden. Men kva har ho kjempa for, og kven er fienden? Veslesøstera Berghitte bærer keiserinnakrona i Syrren, og finn trøyst hos ei makt større enn henne, kan hende større enn Ragnas blotsverd. Djupt i Durinns fjell er Runa, den yngste av søstrene, i ferd med å finne sin eigen plass i spådommen om Eirabus endetid. Sogeforteljarane kring dei spinn lagnadstråder tvinna med løgn, sanning og svik. Når siste vers av songen om Eirabu vert sunge, kan tillit vise seg skrøpeleg og dyrekjøpt, men blod kan ein lite på."Storslagen debut. Kristine Tofte har skapt ei fargerik og komplisert soge, inspirert av norrøn mytologi."- May Grethe Lerum, VG
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788210053498
Publisert
2013-07-19
Utgave
2. utgave
Utgiver
Gyldendal Norsk Forlag AS
Vekt
354 gr
Høyde
186 mm
Bredde
116 mm
Dybde
42 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
597
Sjanger
Skjønnlitteratur

Forfatter