Olav Holen, født i Bykle i 1942, har skrive desse dikta som har vorte til over ein tidsperiode på 40 år. Barndomsheimen hans var i Nordbygdi i Bykle, der hustuftene til slektsgarden kviler djupt under vassflata til Bossvassmagasinet. Sjøl utdanna han seg til lege og drog tidleg ut i verda, men vende attende tilbake til Bykle i 2000. Som pensjonist hev han vore oppteken av den gamle kulturen i Setesdal, både den immatirielle og bygningskulturen. Boka er gjennomillustrert av Daniel Rike, fødd i Valle i 1940. Han .utdanna seg til lærer, og som Olav Holen reiste han tidleg ut i verda. I tillegg til virke som lærer har han utdanna seg i kunstfagleg retning og er ein kjend teiknar. Han har mellom anna teikna ein rekkje kommunevåpen rundt om i landet, og er også en dyktig ikonmålar. Serleg lika han å teikne bygningar og natur frå Setesdal - som me finn mange av i denne boka.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788293520269
Publisert
2019-10-22
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Forlag Gaveca
Vekt
300 gr
Høyde
220 mm
Bredde
154 mm
Dybde
9 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
55

Forfatter
Illustratør