Anna veks opp med ei dominerande og valdeleg mor, ein veik, men støttande far og ein bror som gjer ting brør ikkje bør gjere.Så treffer ho Jakob, og ei stund ser alt lyst ut. Dei vert kjærastar, flyttar saman, og i nokre månadar er dei «paret ein ser på gata», mysande mot sola, smilande. Men i Anna er det noko som luggar. Opplevingane melder seg som uskarpe polaroidbilete frå oppvekst på 1990-talet, bilete som trugar med å spele seg ut. Det er minne ho ikkje vil, men må oppsøke for å komme seg vidare.Om nettene brukar mor dråpeteljar er ei samling dikt om å leve med traume, om snudde omsorgsroller, om frykta for at slekt vil følgje slekters gang. Det handlar om svik og sinne, sakn og sorg. Men òg om styrke trass alt, om støtte, om å erfare at sjølv om korger brest, er det verdt å flette nye, å leite etter ei som held ei framtid. Sagt om boka:
"Det som imponerer med Telnes diktdebut, gjeld det eg vil kalle dei to hovudrørslene ein finn i diktboka. På den eine sida er språket i enkeltdikta hurtig, det svingar så lett og konsist. Men dersom ein ser litt større på det og betraktar boka under eitt, ser ein at forfattaren langsamt og tolmodig byggjer opp motivkrinsen, trinn for trinn utviklar språkbileta seg. Først etter fleire dikt vert den indre språklege samanhengen openberra for lesaren. Nett dette aspektet held eg som ein særs fin kvalitet ved denne diktdebuten."Sindre Ekrheim, Dag og Tid
"Den unge poet fra Seljord som skriver veldig, veldig bra (...) Jøss, dette er noe vi blir misunnelige av å lese fordi denne unge debutanten gjør at vi får lyst til å hive alt vi har skrevet: Rett i bøtta."Tom Stalsberg, Dagbladet
"Telnes er dyktig til å etablere og gjenta språklige bilder på en måte som skaper indre sammenheng i boken. Grepet gjør synlig enkeltmenneskets hang til, og avhengighet av, å skape og bekrefte historien om seg selv. De billedtunge beskrivelsene av brorens overgrep og Annas forsøk på å ødelegge minnene svarer til den skadeskuttes psyke, det vonde holdes på avstand ved at språket aldri blir for eksplisitt."Katrine Heiberg, Morgenbladet
"Det er umulig å ikke bli beveget av Telnes' debut. (...) Telnes er et ungt talent med en stødig dikterhånd, og jeg gleder meg allerede til å se hva mer hun vil by på i framtidige utgivelser."Vilde Øines Nybakken, Dusken.no
"Noko av det sterkaste med boka er korleis Telnes knyter saman dikta til ein større samanheng. Trådar frå eitt dikt blir henta opp i eit anna, slik at dei får ei ny og djupare meining – slik fortida òg kan laga ekko i notida og få ei ny meining." Runar Bjørkvik Mæland, Framtida.no
"Utsøkt poesi om tema som er alt annet enn poetisk"Fartein Horgar, Adresseavisen]]>
Les mer
Produktdetaljer
Publisert
2018-02-05
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
85
Forfatter