Åse-Marie Nesse var ein av våre mest folkekjære diktarar. Ho henta inspirasjon frå alt frå religiøse tekstar, mytologi og klassisk europeisk litteratur til reiser i verda og verdslitteraturen - og sjølve livet. I mange av dikta byr ho på ein humoristisk leik med ord og vendingar.
Gjennom dikta sine formidla ho det menneskelege og det tidlause, og trua på menneske og det gode i menneske går som ein raud tråd gjennom diktinga hennar. Sjølv i dikta om sjukdom, tap, sorg og sakn glimtar det av optimisme og livsglede.
H.M. Kong Harald begynte nyttårstalen sin i 2017 slik: «'Det går ein stor vilje gjennom verden', skriver Åse-Marie Nesse i et av sine dikt. Denne viljen får alt levende til å strekke seg mot lyset. Den gjør at vi helst vil hjelpe når vi ser at noen trenger det. Den gjør at de aller fleste av oss står opp til en ny dag uansett hva som vil møte oss». I «Lyslandet. Dikt i utval» finn du dei kjende dikta «Legg ikkje ditt liv i mi hand», «Viljen» og mange andre dikt til trøyst, oppmuntring, glede og ettertanke.
Utval og føreord ved Karen Selma Mariendal.
Les mer
Utval og forord av Karen Selma Mariendal
Produktdetaljer
ISBN
9788234005695
Publisert
2022-02-18
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
405 gr
Høyde
212 mm
Bredde
137 mm
Dybde
23 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
223
Forfatter